
Skisesongen er på hell, og vi fant ut at vi måtte få prøvd langrennskia også, og ikkje bare nedoverskia. Med skikkeleg påskesol fekk vi ein nydeleg dag i lysløypa. Mor parkerte ganske raskt i Hellner-dumpa, mens andre hadde små og store runder i området. Alina var veldig forundra over at ho kunne bevege hælen. Det var noko som måtte vere øydelagt! Men iveren vart tent.


